Finansminister Jan Tore Sanner (H) presenterte regjeringsforslaget til nytt oljeskatteregime på ein pressekonferanse tysdag. Foto: Fredrik Hagen/NTB/NPK.

Oljeskatt sendt på høyring

Finansdepartementet sende fredag regjeringsforslaget til endringar i oljeskatten på høyring.

Hovudtrekka i forslaget vart presentert på ein hasteinnkalla pressekonferanse tysdag kveld.

No er òg sjølve høyringsdokumenta offentleggjorde. Finansdepartementet gjennomgår forslaget i eit 45 sider langt høyringsnotat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet med forslaget er å gjere oljeskatten strammare og meir nøytral.

– Endringane i petroleumsskattesystemet som regjeringa no foreslår, er omfattande. Vi skal no gå nøye gjennom endringane som blir foreslåtte, og vil komme med innspela våre i samband med den kommande høyringa, seier Anniken Haugli, leiar i Norsk olje og gass, til NTB.

(©NPK)