Dei som ønskjer palmesus i Syden bør bestille billettar som har kostnadsfri avbestilling eller ombooking, er rådet frå forsikringsselskapa. Her ser vi strandpromenaden i Los Cristianos på Tenerife Foto: Marianne Løvland / NTB / NPK

Nye karantenekrav forvirrar nordmenn på reisefot

Reiseforsikringa dekkjer ikkje avbestillingskostnader knytt til endring i karantenereglane. Mange har misforstått reglane, seier forsikringsselskapa.

– Folk ringjer og lurer på om dei kan få dekt avbestillingar til dei områda som no har fått karantenekrav, seier kommunikasjonsdirektør Andreas Handeland i If til Dagens Næringsliv.

Svaret dei får er at reiseforsikringa ikkje dekkjer avbestillingskostnader knytt til endring i karantenereglane.

– Dekninga av reiseforsikringa følgjer UDs reiseråd, og har eigentleg ikkje noko med karantenereglane å gjere, forklarer Handeland.

Regjeringa har vedteke at Spania, Nederland og øygruppene Kreta og Balearane går frå raudt til mørkeraudt. Dermed må ubeskytta ta inn på karantenehotell ved framkomst til Noreg frå desse områda. Dei nye reglane trer i kraft frå måndag.

Også Gjensidige og Tryg gir kundane sine same beskjed.

– Det dei fleste spør om, er om reiseforsikringa dekkjer avbestilling dersom land skiftar farge på FHIs kart. Svaret dei får er at Trygs reiseforsikring ikkje dekkjer dette, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens.

Irgens rår nordmenn som planlegg å krysse grensa dei neste månadene, til å kjøpe billettar som har kostnadsfri avbestilling eller ombooking.

(©NPK)