Sjøtryggleik i fokus. Frå venstre sjøtryggleiksdirektør Arve Dimmen, statssekretær Anders Tyvand, kystdirektør Einar Vik Årset utanfor Sveneset radarstasjon i Leirgulen. Foto: Kystverket.

Ny sjøtrafikksentral gir tryggare sjøferd i nordvest

Den nye sjøtrafikksentralen i Kinn vil gi tryggare ferdsel langs den vêrharde kysten mellom Måløy og Florø.

Stasjonen har vore i drift sidan 1. juni i år, men den offisielle opninga vart markert under ein tur med snøggbåten MS «Skorpefjord», melder Kyst og Fjord. Farvatnet blir trafikkert av fiskefartøy, lasteskip, passasjerfartøy, brønnbåtar, offshorefartøy og i sommarsesongen også av større cruiseskip.

– Vi veit at det blir meir sjøtrafikk framover, og analysar viser auka risiko i i tiåra som kjem. Etableringa av dette tenesteområdet er viktig for å redusere risikoen for ulukker i eit krevjande farvatn, sa statssekretær Anders Tyvand i Samferdsledepartementet under den offisielle opninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etableringa av Kinn sjøtrafikksentral er det første steget i Kystverket sin planlagde utviding av sjøtrafikksentraltenesta på Vestkysten, der målet er å få samanhengande trafikkovervaking frå Fedje til Kristiansund.

(©NPK)