Kong Harald, her under besøket i Stødle tysdag kyrkje på fylkesturen til Vestland.

NRK: Éin av tre meiner monarkiet bør avskaffast etter kong Harald

Kong Harald bør bli Noregs siste konge, og monarkiet bør avskaffast når han går bort, meiner éin av tre nordmenn i ei fersk spørjeundersøking.

Publisert

29 prosent svarer at Noreg bør gå over til ei anna styreform dersom kong Harald abdiserer eller når han går bort, viser undersøkinga, som er gjort av Norstat på vegner av NRK.

60 prosent av nordmenn svarer i same undersøking at dei meiner monarkiet bør bestå også etter kong Haralds tid.

Dei unge er mest negative til å halde fram med monarkiet etter kong Harald. Berre halvparten (51 prosent) i alderen 18–29 år meiner monarkiet bør halde fram etter kong Harald, medan 35 prosent meiner det bør avskaffast etter hans tid.

Samtidig svarer 64 prosent i same undersøking at dei støttar monarkiet i Noreg. Det er den tredje lågaste oppslutninga i Norstats målingar for NRK. Likevel er det ein stor auke frå same undersøking gjord i februar, då talet var 60 prosent. (©NPK)

Powered by Labrador CMS