Norsk Barneblad har vunne pris for design og layout. Her viser redaktør Nana Rise-Lynum fram Juletre for 2019 kor ein samla det beste av det beste frå julenummera frå 50-, 60-, og 70-talet. Foto: Andrea Sørøy/NPK.

Norsk Barneblad får designpris

Norsk tidsskriftforeining gir nynorsktidsskriftet Norsk Barneblad prisen for beste design og layout. Tidsskriftet Samtiden er Årets tidsskrift.

Dei andre prisane går til Empirix, Tidsskrift for Norsk legeforeining og Agora. Prisane vart offentleggjorde 15. april, men sjølve utdelinga vil skje når det blir fysisk mogleg.

– Å gi form til eit tidsskrift som appellerer til barn i alderen 7–14 år er noko Norsk Barneblad meistrar til fulle. Å bla i dette opplevast som eit visuelt tivoli som både kan engasjere den knapt lesekyndige og den vidarekomne lesehesten, heiter det i grunngivinga frå juryen for kvifor Norsk Barneblad får prisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Juryen har bestått av Geir Skomsøy, Ellen Krystad, Cecilia Ekström, Vidar Røeggen og Andreas Wiese.

(©NPK)