Sentralbanksjef Ida Wolden Bache vil ikkje skrote tusenlappen.

Noregs Bank beheld tusenlappen: – Viktig i ei uroleg tid

Noregs Bank har bestemt at tusenlappen ikkje skal fjernast, slik både finansministeren og Økokrim har ønskt. Men det skal gradvis bli færre av dei.

Publisert

– Vi vil ikkje vil avvikle tusenlappen som gyldig betalingsmiddel. Grunnen er at vi legg særleg vekt på at kontantane framleis har ein viktig funksjon, sjølv om dei fleste betalingar blir gjort digitalt, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache til NTB.

I januar fekk ho eit brev frå finansminister Jens Stoltenberg (Ap). Han ville fjerne tusenlappen og bad Noregs Bank vurdere det.

Noregs Bank har no konkludert med at tusenlappen ikkje skal fjernast, og at han framleis skal vere gyldig.

– Men så har vi også vedteke at bankane no ikkje lenger kan bestille nye tusenlappar. Det vil jo seie at talet på tusenlappar i omløp vil gå ned, etter kvart som dei blir leverte inn eller blir slitne ut, seier sentralbanksjefen.

Viktig for beredskap

– Betyr det at han til slutt blir borte?

– Den vil framleis vere eit gyldig betalingsmiddel, så ein kan bruke han som i dag både til å betale og til å ta imot pengar. Men vi ventar jo at talet vil gå ned. Det er for så vidt også eit framhald av ein trend vi har sett. Tusenlappen utgjer ikkje ein stor del av kontantane i omløp i dag, seier Wolden Bache.

Ho understrekar at kontantar er viktige av omsyn til beredskap.

– Ikkje minst viktig i ei uroleg tid. Og så er jo kontantane framleis viktige for dei som ikkje kan eller ønskjer å bruke digitale løysingar.

Noregs Bank har til kvar tid eit lager av kontantar, og i ein krisesituasjon kan det bli aktuelt å sende dei ut i omløp.

– Tusenlappar er ein viktig del av den lagerbehaldninga.

Har hatt dialog med Økokrim

Då finansministeren bad Noregs Bank om å vurdere å kutte ut tusenlappen, peika han på at det kunne gjere det vanskelegare for kriminelle å betale kontant og kvitvaske pengar. Av same grunn har Økokrim foreslått å fjerne både 1000-lappen og 500-lappen.

Sentralbanksjefen har kalla tusenlappen for den vakraste setelen i verda. Hovudmotivet er ei bølgje på ope hav.

– Er ikkje det noko som burde vege tungt?

– Det har vi sjølvsagt hatt med i vurderinga vår, og vi har hatt dialog med Økokrim. Kontantar har nokre eigenskapar som kan gjere det eigna for nokre former for kriminell verksemd, mellom anna kvitvasking. Nokre former for kriminalitet kan gjerast enklare med større valørar, som Økokrim har påpeika. Det har vi teke med i vurderinga.

«Verdas vakraste setel»

I 2024 var det 7,5 millionar tusenlappar i omløp, av totalt 117,7 millionar setlar.

– Når kjem vi til det punktet at vi ikkje lenger treng kontantar?

– Vi er ikkje der no. Det går føre seg arbeid med å styrkje den uavhengige beredskapen også for dei elektroniske betalingsløysingane. Vi meiner at dei ikkje er tilstrekkelege no til at vi ikkje treng kontantar som ein del av beredskapen.

I årstalen sin i februar i år trekte sentralbanksjefen fram nettopp tusenlappen, og gav den skryt:

– Eg synest den norske tusenlappen er verdas vakraste setel. Hovudmotivet er ei bølgje på ope hav – og det blæs storm. No er tusenlappen sjølv i hardt vêr, sa Wolden Bache.

– Har det også spelt litt inn i vurderinga?

– Nei, det har det ikkje.

Powered by Labrador CMS