Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad NTB/NPK.

Noreg har passert éin million pensjonistar

1. november var det for første gong éin million nordmenn som fekk alderspensjon frå Nav. Dei siste ti åra har veksten vore på nær 300.000 personar.

Det svarer til ein auke på godt og vel 40 prosent og inneber at kvar sjette nordmann no er alderspensjonist.

– At vi no rundar éin million alderspensjonistar er ein milepæl som både er positiv og utfordrande for Noreg. På den eine sida er dette eit utslag av at fleire lever lenger og har betre helse. Samtidig utfordrar denne utviklinga berekrafta i pensjonssystemet dei neste tiåra, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til auka levealder trekkjer Nav fram to viktige grunnar til veksten:

* Dei store fødselskulla frå etterkrigsåra har passert pensjonsalderen, og eit stort fleirtal har no òg teke ut alderspensjon.

* Det vart innført fleksibelt uttak av alderspensjon med pensjonsreforma i 2011. Dei fleste fekk då moglegheit til å ta ut pensjonen frå 62 år.

(©NPK)