Nordmenn droppar utanlandspåske – avbestiller unormalt mykje
Nordmenn ønskjer ikkje å reise på utanlandstur i påska, viser ei ny undersøking.
Fungerande reiseskadesjef Kathrine Kleppestø i Frende Forsikring fortel at berre åtte prosent seier at dei skal på utanlandsreise i påska, ifølgje ei undersøking Norstat har gjort for Frende etter at krigen i Midtausten starta.
– Vi får unormalt mange avbestillingar for tida. Samtidig seier 14 prosent at dei er redde for å reise til utlandet akkurat no, seier Kleppestø i ei pressemelding.
Fleire avbestillingar betyr ikkje at reiseforsikringa dekkjer ønsket om å bli heime.
– Viss Utanriksdepartementet har aktive reiseråd for området du skal til, er du dekt om du kjøpte reisa di før råda vart innførte. Er det ikkje reiseråd der du skal, bør du ha is i magen, seier Kleppestø.
Viss reiseoperatøren sjølv kansellerer turen din, får du alltid pengane tilbake.
– Å avlyse fordi du er redd, gir ikkje erstatning frå forsikringa. Sjølv om eg forstår at folk synest situasjonen er skummel no, seier reiseskadesjefen. (©NPK)