Fleire aksjonistar demonstrerer mot Nordic Minings sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden i mai 2022. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Nordic Mining får halde fram med å dumpe gruveavfall i Førdefjorden – miljøorganisasjonane rasar

Sjølv om Høgsterett slo fast at løyva til Engebø-prosjektet er ugyldige, får selskapet Engebø Rutile and Garnet halde fram med å deponere gruveavfall i Førdefjorden medan ein ny søknad blir behandla.

Publisert Sist oppdatert

Det opplyser Klima- og miljødepartementet i ein pressemelding måndag.

– Eg meiner det ikkje er rimeleg å påleggje selskapet å stanse deponeringa i den korte perioden medan vi vurderer søknaden, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til E24.

Han viser til at ein stans kan skape uvisse for arbeidsplassar og svekkje tilgangen på eit kritisk råstoff, og at departementet sannsynlegvis kan gi mellombels løyve.

– I den korte perioden som vil gå medan ein vurderer eit mellombels løyve, vil ikkje deponeringa påverke miljøtilstanden i Førdefjorden, seier ministeren.

Miljøorganisasjonane rasar

Miljøorganisasjonane, som 17. juni vann fram i Høgsterett med at utsleppsløyvet er ulovleg, reagerer kraftig både på vurderinga til departementet og Eriksens utsegner.

– Dette viser ei heilt ekstrem grad av forakt for alminneleg rettsoppfatning, Høgsteretts dom og Noregs forpliktingar overfor EØS-avtalen som tilseier at dumpinga er ulovleg og må stansast, seier Naturvernforbund-leiar Truls Gulowsen til NTB.

– Det er ganske dramatisk at vi har ein miljøminister som trur han berre kan gi løyve til verksemd utan grunnlag. Det er ein ekstrem og overraskande arroganse, seier Gulowsen.

Utsegna til ministeren om at vidare utslepp ikkje vil påverke fjorden, meiner Gulowsen er heilt feil. Han viser til konsekvensutgreiingar som har konkludert med det same.

– Dette er noko som miljøministeren påstår utan å ha sett seg inn i fakta, seier Gulowsen.

SV reagerer også kraftig på avgjerda om å la gruveselskapet halde fram dumpinga.

– Det er heilt utruleg at klima- og miljøministeren lèt Nordic halde fram med å bruke Førdefjorden som søppelplass, trass i den klare dommen i Høgsterett, seier Lars Haltbrekken (SV) i energi- og miljøkomiteen til NTB.

– Ministeren har openbert tenkt å leggje opp til ein svært hurtig skinnprosess i arbeidet med å gi dei eit nytt utsleppsløyve, seier han.

– Utruleg skuffa

Naturvernforbundet har saman med Natur og Ungdom ført saka mot staten. NU-leiar Sigrid Hoddevik Losnegård seier ho er svært skuffa.

– Det var akkurat dette eg var redd for at skulle skje då vi fekk ein så tydeleg dom frå Høgsterett – at regjeringa skulle velje å ikkje følgje henne likevel, seier Natur og Ungdom-leiar Sigrid Hoddevik Losnegård til NTB.

Ho seier det ikkje finst noko mellombels utsleppsløyve ein kan få, og at det er ulovleg dumping.

– No prøver regjeringa å ta nokon finter for å sleppe unna konsekvensane av dommen frå Høgsterett, og det held ikkje, seier ho.

– Det er utruleg frustrerande at vi kan få rett og likevel kjenst det som om vi taper i realiteten, fordi regjeringa kan velje om dei vil følgje dommen eller ikkje. Dei seier at dei skal følgje dommen lojalt, men dette viser at dei gjer det heilt motsette, seier Losnegård.

Politimelde

Tidlegare måndag melde Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Norske lakseelver gruveselskapet Nordic Mining til Økokrim for ulovleg dumping av gruveavfall.

– Vi ser svært alvorleg på at ein av dei rikaste fjordane i landet no blir forureina sjølv om Høgsterett har slått fast at det er ulovleg. Når ikkje vår høgaste rettsinstans blir respektert, er det ei sak for politiet, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

Klima- og miljødepartementet gav i 2015 løyve til gruvedrift i Engebøfjellet, inkludert deponering av gruveavfall i Førdefjorden.

Nordic Mining planlegg å dumpe opptil 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden dei kommande 50 åra. Ifølgje fleire rapportar vil dette føre til store skadar på livet i fjorden. (©NPK)

Powered by Labrador CMS