Kvart år legg Statistisk sentralbyrå fram statistikk over kva namn som var mest populære i året som gjekk. Illustrasjonsfoto: Frank May/NTB/NPK.

Nora og Jacob var dei mest populære namna i 2020

Nora toppar Statistisk sentralbyrås namnestatistikk for jentenamn i 2020. Jacob var det mest populære gutenamnet.

416 jenter fekk namnet Nora i fjor. På andreplass er namnet Emma, som 362 jenter fekk. Ella ligg som nummer tre.

Nora var òg toppnamn i 2012 og 2014, og det kom på andreplass i 2019. Det er det tredje mest brukte jentenamnet etter tusenårsskiftet, etter Emma og Sara.

422 gutar vart heitande Jacob eller Jakob. Emil var nest mest populært blant gutenamna, medan Noah eller Noa er på tredjeplass på statistikken.

I 2019 var det jentenamna Emma, Nora og Sofie som toppa statistikken. På gutesida var det namna Jakob, Lucas og Filip som var mest populære.

(©NPK)