Rivingsarbeidet skal etter planen starte i midten av oktober og vere avslutta innan utgangen av året. Kystverket/ Multiconsult/Link Arkitektur/NPK.

No startar rivinga før Stad skipstunnel

Kystverket har inngått kontrakt med AF Decom AS om å rive 18 bygningar i områda der Stad skipstunnel skal byggjast.

Publisert

Arbeidet skal etter planen starte i midten av oktober og vere ferdig innan utgangen av året, skriv Kystverket i ei pressemelding.

To bygningar skal rivast ved Eidsstranda i Moldefjorden, 15 i Kjøde og éin på Sneide/Kjøde. Kystverket opplyser at det særleg i Kjøde vil bli mykje anleggsaktivitet i perioden. Rivinga er førebuande arbeid før hovudbygginga av tunnelen.

– Dette blir noko av den første synlege anleggsaktiviteten i området, seier prosjektleiar Jarle Strand, i pressemeldinga.

Kystverket har òg inngått kontrakt med Telemark Seaworx AS om å etablere rundt 12 kilometer med sjøleidningar for vassforsyning til portalområda. Arbeidet startar i oktober og skal vere ferdig innan april 2027. Leidningane skal gå frå Åheim til Kjøde og frå Moldestad til Eidsstranda.

Hovudentreprisen for sjølve Stad skipstunnel er tildelt AF Gruppen. Bygginga skal etter planen starte i januar 2027. (©NPK)

Powered by Labrador CMS