Mange opplever fellesskap rundt bålet. Foto: Paulina Cervenka.

No kan du tenne bål igjen

Frå onsdag er det generelle bålforbodet oppheva. 694 gonger måtte brannvesenet rykkje ut til skog- og grasbrannar i den perioden det var ulovleg å tenne opp bål i naturen.

Publisert

Så mange som sju av ti opplever at bål skaper ei kjensle av fellesskap. Det kan tyde på at mange gler seg over å igjen få lov å tenne bål i skog og mark.

– Det er få ting som skaper så mykje turkos som å samlast rundt eit bål. Bålet er ein viktig del av friluftslivet for mange, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Ingeborg Gjærum, i ei pressemelding.

Men trass i det generelle bålforbodet frå 15. april til 15. september, har brannvesenet hatt nok å gjere. Det har vore 694 skog- og grasbrannar i perioden, viser tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Sjølv om det generelle bålforbodet blir oppheva, betyr ikkje det at det er fritt fram for å tenne bål i skog og mark.

– Kravet til aktsemd gjeld heile året, der lokale forhold, vêrvarsel og sunn fornuft, alltid må vere styrande for om du kan tenne opp kaffibålet eller ei. Elden er ditt ansvar, seier kommunikasjonssjef i Oslo brann- og redningsetat, Sigurd Folgerø Dalen.

Det kan også vere lokale reglar som gjeld i enkelte område. Før du tenner bål, bør du derfor sjekke om det er lokale eller mellombelse forbod der du er. Du må også alltid ta omsyn til forholda på staden. (©NPK)

Powered by Labrador CMS