NJFF reagerer på nytt løyve til dumping i Førdefjorden. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

NJFF meiner laksefjorden ikkje får nok vern

Regjeringa har gitt mellombels løyve til å dumpe inntil 4,5 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden dei neste tre åra, noko Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) reagerer på.

Publisert

NJFF viser til at Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord, ei ordning som skal gi utvalde laksebestandar særleg vern mot inngrep og aktivitetar. Forbundet meiner villaksen og sjøauren allereie er utsette, og at fjorden difor ikkje bør brukast som deponi for gruveavfall.

– At regjeringa no gir eit mellombels utsleppsløyve, er ei svært skuffande avgjerd, skriv forbundet i ei pressemelding.

NJFF var partshjelp for Natur og Ungdom og Naturvernforbundet då saka om dumping av gruveavfall vart behandla i Høgsterett. Høgsterett konkluderte tidlegare i år med at den opphavlege løyva til dumping var ugyldig. NJFF meiner den nye avgjerda reiser spørsmål om naturvernet og tilliten til rettssystemet.

Forbundet peikar på at den mellombelse løyva gjeld i tre år, og meiner avgjerda er eit uheldig signal for vernet av Førdefjorden og andre norske fjordområde. (©NPK)

Powered by Labrador CMS