Næringsminister Jan Christian Vestre er klar for å besøkje 100 bedrifter på under 100 dagar. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet.

Næringsministeren skal møte 100 bedrifter på under 100 dagar

– Vi skal i gang med eit grønt industriløft, og vi har dårleg tid, seier næringsminister Jan Christian Vestre. Han skal derfor ut og møte 100 bedrifter før nyttår.

Denne veka går startskotet for reisene til næringsministeren, når han besøkjer Stord, Haugesund og Stavanger. På programmet står verksemder innan fornybar sektor og ny teknologi, i tillegg til verksemder innan olje, oljeservice og maritim næring.

– Eg har store ambisjonar på vegner av norsk næringsliv. Regjeringa vil bidra til å skape fleire jobbar i heile landet, styrkje fastlandsinvesteringane, auke fastlandseksporten med 50 prosent og kutte klimagassutslepp med begge hender, seier Vestre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før årsskiftet skal han reise rundt i heile landet for å møte breidda av næringslivet.

– Eg ser fram til å møte bedriftene, og å høyre korleis dei meiner næringslivet og staten kan jobbe saman for å oppnå måla vi har sett oss.

Næringsministeren påpeiker at fastlandseksporten er heilt avgjerande for å lykkast med grøn omstilling og verdiskaping.

– For å auke fastlandseksporten med 50 prosent innan 2030 vil vi styrkje eksisterande eksportutviklingsordningar og finne nye tiltak som raskt kan setjast i gang. Det hastar både med grøn omstilling og med å auke eksporten, seier Vestre.

(©NPK)