- Motorisert ferdsle på islagde vatn er ikkje tillate
Som følgje av ein lengre og stabil kuldeperiode er det no farbar is på ei rekkje vatn. I samband med dette har politiet fått meldingar om at det er fleire som køyrer på isen med motorsyklar, bilar, ATV-ar, snøskuter og andre motoriserte køyretøy.
- Det er ikkje tillatte med motorisert ferdsle på islagde vatn. Dette følgjer av forbodet mot motorferdsle i utmark, som framgår av motorferdsellova §3. I særlege tilfelle kan kommunen gje løyve til slik ferdsle, men politiet er ikkje kjend med at det er gjort, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.
- Erfaringa vår er at mange ikkje kjenner til dette forbodet. Dermed ønskjer vi å nå ut med denne informasjonen for å førebyggje ulovleg motorferdsle i utmark, farlege situasjonar og unødvendige anmeldingar, seier politiadvokat Sigrid Sulland i pressemeldinga.