Miljøministeren avviser måseforslag: – Eg forstår at mange blir frustrerte
(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Framstegspartiet (Frp vil opne for at kommunar kan fjerne og flytte måsereir. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) forstår frustrasjonen, men har ikkje tru på forslaget.
– Eg forstår godt at mange blir frustrerte når måsar tek mat frå folk eller generelt opplevest som ei plage i bybiletet. Den frustrasjonen kjende eg på sjølv i Stavanger i sommar, seier Eriksen til NTB.
Men han har ikkje tru på Frp-representant Kristoffer Sivertsens forslag om å endre på lovverket, slik at kommunar kan flytte og fjerne måsereir.
– Løysingane Frp peikar på, er dessverre berre å adressere symptoma på eit problem, utan å eigentleg gjere noko med årsaka, seier klima- og miljøministeren.
Vil stramme inn
Sivertsen tok i helga med seg Stavanger Aftenblad til Torget i Stavanger, der hamburgaren hans vart slukt av ein måse.
Byen har dei siste åra opplevd stadig fleire aggressive måsar, og tidlegare i sommar melde kommunen om åtte måkebit under seglskutefestivalen Tall Ships Races.
– Det er viktig med god dyrevelferd, men vi kan ikkje ha det slik i sentrum av store norske byar at folk ikkje kan kose seg og ete mat, sa Sivertsen.
Han foreslo endringar i naturmangfaldlova, som i dag slår fast at måsar er totalfreda. Det er mellom anna forbode å skade eller flytte måsereir, egg eller ungar.
– Måsane er under press
Bjelland Eriksen meiner Sivertsen bommar.
– Talet på norske sjøfuglar har gått kraftig ned dei siste tiåra, og fleire måseartar er under press. Måsane har i aukande grad flytta inn til byar og tettstader, fordi det er der dei finn mat og stader å vere, seier han.
Han meiner politikarar som ønskjer å gjere noko for å snu utviklinga, bør bidra i arbeidet med å stanse nedbygginga av naturen og bremse klimaendringane.
– Det er dei einaste tiltaka som kan gi ei varig løysing på denne utfordringa, seier han.
Sinte måsar eller ingen måsar?
Klima- og miljøministeren viser også til at det finst regelverk som opnar for tiltak for å redusere konfliktar med måsar.
– Kommunane har ei viktig rolle i dette og bør vurdere kvar det skal setjast i verk førebyggjande tiltak, og kvar det kan leggjast til rette for hekking, seier han.
– Kommunen kan søkje om støtte til lokale naturtiltak gjennom ordningar som Natursats, til dømes til planlegging og gjennomføring av tiltak som bidreg til å vareta og betre tilstanden for naturmangfald i kommunen.
Bjelland Eriksen meiner saka handlar om korleis vi deler plassen med naturen rundt oss.
– Eg håpar Sivertsen er samd i at vi bør finne ordningar som fungerer for både folk og fugl. Alternativa er framleis sinte måsar eller ingen måsar i det heile. Det må vi unngå, seier han. (©NPK)