Mekling i varehandelen i gang – nesten 1000 butikktilsette kan streike frå i morgon
Handel og Kontor gjekk tysdag i mekling med Virke. Om dei ikkje blir samde innan midnatt, kan tilsette i taxfree-butikkane og fleire kjeder gå i streik.
– Dei tillitsvalde må vere klare til streik, seier Christopher Beckham, leiar i Handel og Kontor (HK), til FriFagbevegelse på veg inn til Riksmeklarens kontor tysdag.
Dei klarte ikkje å bli samde med arbeidsgivarorganisasjonen Virke i forhandlingane 14. og 15. april. Dermed får dei tysdag hjelp hos Riksmeklaren for å semjast. Om dei ikkje blir samde innan fristen ved midnatt natt til onsdag, vil 926 medlemmer i 40 bedrifter gå ut i streik frå onsdag morgon.
Tilsette i Travel Retail Norway, som driv taxfree-butikkane på flyplassane, er nokre av dei som går ut i streik i det første uttaket. Med det blir taxfree-butikkane på flyplassane i Bergen, Oslo, Stavanger og Trondheim ramma. Også butikktilsette i kjedene Jysk, Norli og Match streikar frå onsdag om det ikkje blir semje.
– Målet er å stenge bedrifter, slik at dei kan leggje press på Virke. Må vi streike, vil vi at streiken skal vere kortvarig og effektiv, seier Beckham. (©NPK)