Meir skjermbruk gir fleire augeproblem
Optikarforbundet rapporterer om at fleire og fleire slit med tørre auge. Hyppigare bruk av skjerm er truleg ei av hovudårsakene.
Det skriv NRK.
Ifølgje augelege og professor Tor Paaske Utheim har det vore ein relativt stor auke i utbreiinga av tørre auge dei seinare åra, og det er også ein auke hos dei yngre.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er meir enn berre litt ubehag. Det er ein betennelsessjukdom. Mange pasientar opplever at dei er mindre produktive både heime og på jobb, og at dei får svært nedsett livskvalitet, seier han til NRK.
– Skjermbruk, kontaktlinser, aircondition, augelokk-kosmetikk og luftforureining er risikofaktorar for å få tørre auge, seier Utheim.
Også Noregs Optikerforbund ser ein klar tendens til utviklinga, og at fleire får tørre auge.
– Det gjeld både godt vaksne og unge menneske. Det er ein trend i Noreg som har endra seg ganske mykje dei siste 15 åra, seier generalsekretær Hans Torvald Haugo. (©NPK)