Måtte avslutte øvingskøyring

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontrollar på Utvikfjellet og Kjøs tysdag kveld og natt til onsdag.

På Fv 60 på Utvikfjellet måtte førar av ein lett motorsykkel avslutte øvingskøyringa fordi køyretøyet til rettleiar ikkje var i samsvar med krava.

Ein personbil fekk teknisk mangel på lys, førar av eit vogntog fekk åtvaring for brot på reglane om køyre- og kviletid og to tunge køyretøy fekk teknisk mangel på oljelekkasje og eksoslekkasje.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Kjøs måtte ein førar rydde siktsona, og eit køyretøy fekk mangellapp for skade på underkøyringshinderet.