Mann funnen død i Nordfjord
Torsdag ettermiddag blei ein mann i 60-åra funnen død på Bryggja i Stad kommune. Mannen skal ha utført arbeid i ein gjødseltank.
Det skriv Fjordabladet.
Det var like etter klokka 16:00 torsdag ettermiddag naudetatane fekk melding om at ein mann var funnen i ein gjødseltank.
Annonse
Politiet meiner det framstår som ei arbeidsulykke.
– Ulykka skal ha skjedd i samband med oppføring av ein silotank. Kva som har skjedd kan vi ikkje kommentere no, fortel Morten Hagen, innsatsleiar i politiet i Nordfjord, til Stad-avisa.