Manglande bombrikke kosta åtte tusenlappar

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll på E39 i Førde onsdag. Totalt var 185 køyretøy innom kontrollplassen, av dei vart 24 kontrollerte.

Eit utanlandsk transportføretak fekk 8000 kroner i gebyr for manglande bombrikke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre køyretøy fekk bruksforbod, eitt for manglande sikring av last, eitt for dekk som var skada og korden synleg, og eitt for tørr svingskive. Det same køyretøyet var òg merka som breitransport utan å vere det. Merkinga måtte fjernast før vidare køyring.

Eit transportføretak blir rapportert til Skatt på grunn av manglande vektårsavgift.

To køyretøy fekk skriftleg teknisk mangel, eitt for rust på bremseskive og eitt for manglande skjerming av hjul.

To førarar fekk gebyr, ein av dei fekk 2000 kroner for dekk under lovleg minimum, og ein fekk 500 kroner for manglande dokument.