Måling: Framleis stor støtte til kongehuset
Kongehuset har ikkje mista støtte i folket, trass i Epstein-saka og valdtektsskuldingane mot son til kronprinsessa, viser måling.
64,6 prosent av dei spurde svarer ja på spørsmålet om Noreg framleis bør vere eit kongedømmet, viser ei meiningsmåling InFact har utført for Nettavisen.
23,2 prosent svarer nei, medan 12,2 svarer veit ikkje. Målinga vart utført 20. mars blant 1018 norske statsborgarar over 18 år, og den har ein feilmargin på inntil 3 prosentpoeng.
Endringane frå førre måling er innanfor feilmarginen, og folks syn på kongehuset som institusjon ser dermed ut til å vere uendra.
I den same målinga svarer 41,9 prosent at dei ikkje synest kronprinsesse Mette-Marit er eigna til å bli dronninga av Noreg, medan 27,2 prosent er usikre. 30,9 prosent trur ho vil eigne seg som dronning. Målinga er teken opp same dag som NRK publiserte eit stort intervju med kronprinsessa som forklarer seg om relasjonen sin til Epstein.
58 prosent trur derimot kronprins Haakon vil fungere svært godt som konge, medan 20,4 prosent trur han vil fungere ganske godt som monark.
Berre 7,7 prosent meiner kronprinsen vil fungere svært- eller ganske dårleg som konge. (©NPK)