Den svenske vikarlegen ved Nordfjord sjukehus testa fredag positivt på Covid-19

Lege ved Nordfjord sjukehus testa positivt på Covid-19

Ein svensk vikarlege testa fredag 26. juni positivt på viruset, og er sett i heimeisolasjon, opplyser Helse Førde i ei pressemelding.

Det vart straks sett i verk smittesporing, og Helse Førde har sidan fredag kartlagt pasientar og tilsette ved Nordfjord sjukehus som har hatt nærkontakt med legen.

25 i nær kontakt

Resultatet av smittesporinga er at 25 pasientar og tilsette har hatt nær kontakt med legen. Tiltaka for desse er karantene og testing. Resultat av desse testane kjem måndag og tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

—Ingen av dei som har hatt nærkontakt med den smitta legen, har så langt vist symptom på å vere sjuke, opplyser direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Ein i Førde

Åtte polikliniske pasientar har vore i nær kontakt. I tillegg kjem sju inneliggande pasientar. Seks av desse er isolerte på einerom ved Nordfjord sjukehus. Den sjuande var overført til Førde sentralsjukehus før det blei kjent at legen var smitta, og er isolert der.

Ti tilsette er sette i karantene. Dei skal vere i karantene i ti dagar.

Pasientar som treng innlegging, blir sende til Førde sentralsjukehus fram til situasjonen er avklara på Nordfjord sjukehus.