Covid-19 virus: Koronavirus. Illustrasjonsfoto.

Kyrkjetilsette på Nordfjordeid koronasmitta

To prestar, ein organist, ei kyrkjeverje, ein sekretær og ein annan tilsett ved kyrkjekontoret i Nordfjordeid er stadfesta koronasmitta, melder Fjordabladet.

Alle dei tilsette ved kyrkjekontoret er no i heimeisolasjon, ifølgje avisa.

Kyrkjeverje Kristen Hundeide opplyser at smitten stammar frå ein bergenstur.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er sjølvsagt uheldig og ikkje bra, men ein kan ikkje klandrast for det, seier han.

Oppgåvene ved kyrkjekontoret blir no gjorde heimanfrå. Gudstenesta søndag er utsett.

(©NPK)