Kvalen er innstilt som ny fylkesleiar
Valnemnda i Sogn og Fjordane Senterparti er ferdige med sitt arbeid, og har innstillt Ivar Kvalen frå Luster til ny leiar for fylkesdelslaget.
Noverande fylkesleiar Erlend Haugen Herstad takka nei til attval, og det var dermed tid for eit nytt namn på topp, opplyser Sogn og Fjordane Senterparti i ei pressemelding.
Lang erfaring
Kvalen kjem frå Luster og har lang fartstid i Senterpartiet. Han har fleire periodar som ordførar bak seg, og arbeider no som næringssjef i Luster Kommune. Han har også god erfaring frå styre og stell, og sit mellom anna som styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane.
Leiar i valnemnda, Ove Varlid, er nøgd med at Ivar Kvalen takka ja til å ta på seg dette vervet.
To frå Gloppen
Resten av innstillinga til fylkesstyret ser slik ut:
Fylkesleiar : Ivar Kvalen - Luster
1. nestleiar : Leidulf Gloppestad –Gloppen - ikkje på val
2. nestleiar: Silje Åsnes Skarstein - Stryn - ikkje på val
Studieleiar: Stine Fjellkårstad - Stryn
Styremedlem: David Underdal – Aurland - ikkje på val
Styremedlem: Emma Berge Ness - Sunnfjord
Styremedlem: Sidsel Kongsvik - Askvoll
1. vara: Hilde Horpen - Årdal
2. vara: Nina Elise Hjartholm - Sunnfjord
3. vara: Øystein Ragnar Aasebø - Stad
4.vara: Kristoffer August Vereide – Gloppen
Sogn og Fjordane Senterparti sitt årsmøte skal haldast på Quality Hotel Sogndal 28. februar - 1. mars.