Køyretøyet snurra rundt og vidare inn i fjellveggen ved Eide i Gloppen onsdag ettermiddag.

Kom uskadd frå ulukke

Føraren kom uskadd frå ulukka då ein bil snurra rundt og hamna i fjellveggen ved Eide i Gloppen onsdag ettermiddag.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.51, og både helsepersonell og politi rykte ut til ulukkesstaden.

To slitne vinterdekk
– Føraren av bilen, ein mann i 20-åra frå Sunnfjord, var på veg til Sandane då trafikkuhellet skjedde. Han vart sendt til legesjekk etter ulukka, og lege kunne konstatere at mannen var uskadd, fortel operasjonsleiar Wenke Hope ved Operasjonssentralen i Florø.
Mannen var åleine i bilen, og ingen andre køyretøy vart involverte i hendinga. Det var svært glatt i vegbana då uhellet skjedde.
– Det vil bli oppretta sak. Bilen hadde to slitne vinterdekk, eitt bak og eitt framme. Dei to andre dekka var i orden. Politiet vil kalla mannen inn til avhøyr, fortel Hope.