Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, under eit pressemøte på Bergen sentrum politistasjon. Ei intern gransking i Vest politidistrikt har avdekt fleire tilfelle av seksuell trakassering eller manglande rolleforståing som leiar. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

Intern rapport: Fleire tilfelle av seksuell trakassering i Vest politidistrikt

Ei intern gransking i Vest politidistrikt har avdekt fleire tilfelle av seksuell trakassering. Fleire av sakene dreier seg om menn i leiarposisjonar.

Ifølgje granskinga er det avslørt fleire tilfelle av seksuell trakassering eller manglande rolleforståing som leiar.

«I årets medarbeiderundersøkelse svarte 1,6 prosent av de ansatte at de har vært utsatt for uønsket seksuell oppmerksomhet de siste 12 månedene. Av disse sa 4 av 5 at de ikke har sagt ifra», står det i ei pressemelding frå Vest politidistrikt onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Sakene involverer åtte menn, hvorav sju er i ulike lederposisjoner».

– Eg kan ikkje gå inn på dei enkelte episodane som er grunnlag for konklusjonane i rapporten. Men det er i all hovudsak hendingar av mindre alvorleg karakter, seier politimeister Kaare Songstad til NTB.

At mange av tilfella dreier seg om menn i leiarposisjonar gjer saka ekstra ille, seier politimeisteren.

– Ja, absolutt. Leiarane skal vere gode rollemodellar for sine tilsette. Ein del av forslaga frå undersøkingsgruppa går på oppfølging av dei konkrete leiarane, og generell leiaropplæring slik at vi reduserer sjansen for at vi hamnar i desse situasjonane framover.

Tør ikkje seie frå

Dei aller fleste av dei 62 personane undersøkingsgruppa har intervjua, har ikkje opplevd noko innanfor kategorien seksuell trakassering, men rapporten slår tydeleg fast at politidistriktet har utfordringar.

– Det største problemet vårt er at for få tør å seie ifrå når dei blir utsette for negative opplevingar. Dette skal vi endre, opplyste Songstad i pressemeldinga, der dei fortalde om funna i granskinga.

– Eg håpar at det ikkje er det. Eg har gjort mykje dei siste åra for å jobbe fram ein kultur der det skal vere trygt å seie frå om ting. Men rapporten peikar på at vi har ein veg å gå. Det er òg noko vi må jobbe med, seier Songstad.

– Episodane som er omtalte, og dei personane det handlar om, dei blir opp følgde i linjene, som vi seier. Vi er ikkje ferdig med det arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nulltoleranse

Politiet opplyser at gjennom samtalar med tilsette får undersøkingsgruppa beskrive tidvis lukka prosessar og at tilsynelatande grunnlause avgjerder fører til rykte, uvisse og frykt for å stikke seg fram negativt.

«Blir man utsatt for negative opplevelser som seksuell trakassering, velger mange å forbli tause», står det i pressemeldinga.

For Songstad er det viktig å vere open om problema i politidistriktet, både internt og utover.

– Openheita vi no viser, er grunnlaget for fortsetjinga. Vi skal fortelje heile organisasjonen og eksternt om kva slags problem vi har, det er det beste utgangspunktet for å jobbe vidare med desse problema, både internt, men også i forhold til omdømmet vårt ute.

– Det skal ikkje vere tvil om at eg meiner alvor når eg seier det er nulltoleranse for seksuell trakassering i Vest politidistrikt. Derfor vel eg å gå ope ut med funna som har komme fram, sa politimeisteren i meldinga tidlegare på dagen.

Flest i Bergen

– Eg tenkjer at vi no har fått på bordet eit veldig godt grunnlag til å jobbe med nokre utfordringar i organisasjonen som vi har visst har vore der i noka grad, men no får vi sjå det svart på kvitt. Dette skal vi jobbe med framover, seier Songstad om funna som er gjorde i granskinga.

Dei fleste av tilfella har funne stad ved politihuset i Bergen, men sakene er spreidd utover fleire stader i politidistriktet.

– Politihuset i Bergen er den desidert største organisasjonen vår, og derfor er det naturleg nok flest saker derfrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rapporten i undersøkingsgruppa vart overlevert politimeisteren 11. juni. Den inneheld elleve konkrete tilrådingar for arbeidet med ukultur og seksuell trakassering.

Arbeidet med å få bukt med ukulturen i politidistriktet har allereie starta.

(©NPK)