Nav har utbetalt 200 millionar kroner til tilsette ramma av innreiseforbod. Foto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

Innreiseforbodet har kosta Nav 200 millionar

Om lag 200 millionar kroner er utbetalte for 4.300 arbeidstakarar som ikkje har kunna krysse grensa til Noreg som følgje av koronarestriksjonane, opplyser Nav.

Arbeidsgivarar har plikt til å betale kompensasjon til arbeidstakarar som taper inntekt på grunn av innreiseforbodet. Arbeidsgivaren får refusjon for dette frå Nav.

I snitt fekk kvar av arbeidstakarane 46.100 kroner. 99 prosent av mottakarane var menn, og dei fleste var i alderen 30–50 år, skriv Nav i ei pressemelding

Artikkelen held fram under annonsen.

1.700 av dei tilsette er polakkar, som til saman har fått 72 millionar kroner. Deretter følgjer arbeidstakarar med statsborgarskap frå Sverige (1.100) og Litauen (800), som totalt har fått høvesvis 56 og 32 millionar kroner.

– Utbetalingane skal utgjere 70 prosent av det ein ville fått i sjukepengar, og maksimalt utbetalingsbeløp per månad er 35.472 kroner. Ordninga gjeld så lenge innreiseforbodet varer, skriv Nav.

(©NPK)