Helse- og omsorgsminister Bent Høie tek sjølvkritikk for koronalettane regjeringa gjennomførte i haust. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Høie tek sjølvkritikk for koronalettane til regjeringa i haust

– Summen av lettane vi gjorde i haust, heldt ikkje i møte med bølgje to, seier helseminister Bent Høie.

– Det er viktig å tenkje at det er dei samla tiltaka som har noko å seie, og viss ein prioriterer eitt område, betyr ikkje det at ein neste runde kan argumentere for å lette på det òg, seier helseminister Bent Høie (H) på koronapressekonferansen på onsdag.

– Det ligg òg noko sjølvkritikk i dette, seier Høie og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Erfaringa vår frå i haust er at summen av lettane vi gjorde nasjonalt, og den sterke vektlegginga av at kvar enkelt kommune skulle slå ned smitten lokalt – summen av det heldt ikkje i møte med bølgje to.

Den 12. oktober i fjor gjorde regjeringa ei rekkje lettar i koronatiltaka. Då vart mellom anna skjenkjestoppen ved midnatt oppheva, breiddeidretten for vaksne vart trinnvis gjenopna, og det vart opna for utandørsarrangement med inntil 600 personar.

(©NPK)