Høgre pressar på for å avvikle fylkeskommunen
Høgre vil avvikle fylkeskommunen og legg fram eit forslag om å fordele oppgåvene til stat og kommunar, noko Erna Solberg meiner vil gi mindre byråkrati.
I eit nytt forslag til Stortinget skriv Høgre at gjentatte forsøk på å gjere fylkeskommunen til eit «meir relevant styringsnivå» ikkje har ført fram, og at det er på tide å gjere kort prosess, skriv NRK.
Erna Solberg er partileiar i Høgre og meiner fylkeskommunen er eit forvaltningsnivå som ikkje lenger fungerer, og ber om rask prosess for endringane.
– Noreg må bli mindre byråkratisk. Vi er tungrodde og overadministrerte og har for mange som berre flyttar papir, seier avtroppande Høgre-leiar Erna Solberg til allmennkringkastaren.
Ho meiner større og meir robuste kommunar kan dele på arbeidsoppgåvene med staten.
Forslaget møter motstand frå Sp, der fylkesordførar Jon Askeland i Vestland åtvarar om sentralisering og fryktar at store delar av ansvaret vil bli flytta til staten dersom kommunane ikkje er store nok.
– Eit styresett med to forvaltningsnivå vil svekkje det lokale nivået, meiner Askeland. (©NPK)