Det Norske Travselskap er bekymra for utviklinga og meiner færre hestar gjer det vanskelegare å oppretthalde full aktivitet på travbanene. Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Hestesporten i krise

(NPK): Hestesporten i Noreg er i sterk tilbakegang. Dei siste sju åra er talet på fødde føl halvert frå 1219 i 2018 til 612 i 2025.

Publisert Sist oppdatert
Dårlegare økonomi har ført til ein kraftig nedgang i talet på fødde føl i Noreg. Frå 2018 til 2025 har talet halvert frå 1219 til 612, opplyser tidlegare leiar i Det Norske Travselskap, Svein Morten Buer, til NRK.

Det seier Svein Morten Buer, tidlegare leiar av Det Norske Travselskap (DNT), til NRK.

Veterinær Kristin Brækken driv hesteklinikk og avlsstasjon på Bleke gard i Melhus. Ho peikar på dårlegare økonomi og høgare renter som viktige årsaker til nedgangen.

Også stallutleigar Tor Olav Fallan Iversen på Byneset har merka utviklinga. Etter 25 år med utleige av stallplassar legg han no ned.

For hesteeigarane kan oppstalling åleine koste mellom 3000 og 5000 kroner i månaden, i tillegg kjem utgifter til mellom anna fôr, veterinær og utstyr.

Nedgangen råkar også næringslivet rundt hestesporten. Veterinærar, hovslagarar, instruktørar og andre aktørar kan få færre kundar, medan rideskular og arbeidsplassar forsvinn.

Det Norske Travselskap er bekymra for utviklinga og meiner det må nye tiltak til for å sikre framtida til norsk hestesport. (©NPK)

Powered by Labrador CMS