Skilli, skjelpadde eigd av Aksel Schei Hansen, stukke av
Skilli. Begge foto: privat.

Har du sett Skilli?

- Eg har ikkje peiling på kvar ho kan vere, seier Aksel Schei Hansen og fryktar han har sett skjelpadda si for siste gong. 

Publisert Sist oppdatert

Aksel Schei Hansen leitar, men han anar strengt tatt ikkje kvar han skal leite, og han håpar nokon av Firda Tidend sine lesarar kan hjelpe han. 

Onsdag ettermiddag forsvann nemleg den greske landskjelpadda Skilli frå heimen sin på Øyrane utanfor Sandane. 

Ingen vitne har sett henne forlate bustaden, og i skrivande stund er det eit mysterium kvifor ho har valt å stikke av og kvar ho har teke vegen. 

Terrarium

Rømlingen har ein nærast sirkelforma kroppsbygning med ein diameter på kring 15 centimeter, fire bein og eit lite hovud. Høgda er stipulert til 7-8 cm. Spesielt kjenneteikn: eit skal dekkjer og beskyttar kroppen.

- Ho er ikkje god å finne, og eg er redd ho er tapt om ingen kjem over henne, seier Schei Hansen og fortel at Skilli bur i eit terrarium i stova i Øyravegen 25:

- Det er eit bur med glasveggar, tett bakside og ultrafiolett lys. Det må ho ha for å byggJe skalet sitt, i sollys blir det gjort automatisk. Ho lever av salat, tomat og frukt, med løvetann som livrett. 

Frå glade dagar saman med pusane i heimen.

Eigaren fortel at skjelpadda mange gongar har vore ute på altanen. Når trappa blir stengd av, kjem ho seg vanlegvis ikkje derifrå.

- Men no må ho ha greidd å kome seg gjennom trappa, og så falle ned og stukke av, trur Aksel Schei Hansen.

Fleire eigarar

Han har leita i hagen, men der er ho ikkje. Han trur Skilli har gått vidare til nabohagen, men kvar ho er no, er uråd å seie. 

Skilli har budd i Øyravegen sidan 2014, men har hatt to eigarar tidlegare. Kor gammal ho er, er det ingen som veit, men skjelpadder kan bli svært gamle.

Om nokon har sett Skilli, set Aksel Schei Hansen pris på å bli kontakta på tlf. 91141493. 

Powered by Labrador CMS