Desse tusenlappane går snart ut på dato. Foto: Jon Olav Nesvold/NTB/NPK.

Har du gamle tusenlappar liggjande?

Nordmenn har framleis gamle tusenlappar verdt nesten seks milliardar kroner liggjande i skuffer og skåp. Noregs Bank tilrår å setje desse pengane på konto eller bruke dei før dei går ut på dato den 14. november, skriv E24.

– Det er nær seks millionar eksemplar av den utgåande 1.000-kronesetelen i sirkulasjon. Med to månader til fristen 14. november, oppfordrar vi til å setje pengane på konto, eller betale med dei, seier direktør Leif Veggum i Noregs Bank i ei pressemelding.

Enkelte butikkar og bankar vil akseptere den gamle tusenlappen etter fristen, men det er berre Noregs Bank som har plikt til å ta imot dei etter den 14. november.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå før har det også komne nye 50-, 100-, 200-, og 500-kronesetlar, og dei gamle setlane har gått ut. Likevel er det framleis 26 millionar eksemplar av desse som enno ikkje har komme inn, ifølgje Noregs Bank.

Desse setlane har ein samla verdi på 4,3 milliardar kroner.

(©NPK)