Laurdag er det på nytt duka for Fiskesommar ved Veslevatnet. Max Julian Kollbotn og Dim Savagnet var med i fjor.

– Håpar mange tek turen

Laurdag 25. juni inviterer Gloppen Jeger og Fiskarlag til Fiskesommar 2016 ved Veslevatnet.
– Vi håpar vêret blir bra og at mange born og unge vil ta turen, seier Jarle Løken.


Fiskesommar er ein sportsfiskekampanje der barnefamiliar frå heile landet kan delta. I Gloppen vert kampanjen markert med store arrangement både ved Veslevatnet i Fitjedalen komande laurdag og ved Sandalsvatnet i Breim 20. august

Jarle Løken håpar foreldre og føresette tek med seg borna på gratis fiskeopplevingar og grilling.

– Vi kjem til å setje ut garn på førehand, slik at alle som møter opp får høve til å smake nygrilla fisk. Vi stiller også med pølser og saft til dei som vil ha det. Eg vil oppmode folk om å ta med redningsvest, for her blir det høve til å vere med ut i båt. Gloppen Jeger og Fiskarlag har arrangert Fiskesommar fleire gonger, og desse tilskipingane har vore svært vellukka, fortel han, som er leiar i fiskeutvalet i laget.

Les meir i papirutgåva måndag.