Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) under pressekonferansen om koronasituasjonen. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Gult nivå i barnehagar og skular – tredjedose til lærarar bør prioriterast

Regjeringa innfører gult nivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular, pluss raudt nivå i vidaregåande skule. Lærarar bør prioriterast til tredje dose.

– Det er veldig viktig for oss å skjerme barn og unge så langt det lèt seg gjere, så dei kan vere på skulen og i barnehagen. Når vi no endrar til gult og raudt nivå, er det for å hindre smitte og sørgje for at elevar og lærarar held seg friske og kan vere på skulen, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) peikar på at smitten aukar blant dei yngste. Regjeringa ber kommunane om å prioritere tilsette i skular og barnehagar for ein tredje vaksinedose.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilsette i skular og barnehagar skal vere trygge på jobb. Det er på høg tid at tilsette i skular og barnehagar blir prioriterte i vaksinekøen. Når vi no byrjar å setje den tredje vaksinedosen, ber regjeringa kommunane prioritere dei tilsette i skular og barnehagar. Vi treng at dei tilsette er friske og på jobb med godt vern mot alvorleg sjukdom, for å halde skular og barnehagar opne, seier Brenna.

Samtidig blir det raudt nivå for vidaregåande skule, og dessutan grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Tiltaka gjeld frå torsdag denne veka.