Den norske bokbyen i Fjærland. Pressefoto.

Gjev ut bok i jubileumsåret

Den norske bokbyen i Fjærland feirar 25-års jubileum i 2021. I samband med dette gjev dei ut ei jubileumsbok med soga og mykje artig historie frå bokbyen og Fjærland.

Boka kjem ut i juni. Tidlegare journalist i Sogn Avis, Terje Eggum, har skrive historia til Den norske bokbyen. I tillegg vil boka ha fleire korte tekstar av gode vener av bokbyen, som Ragnar Hovland, Einar Økland, Anna Avdem, Erlend Nødtvedt med fleire.

– Når bokbyen no vel å gje ut ei slik jubileumsbok, er det fordi vi ønskjer at denne litt absurde, men viktige kulturbedrifta skal feirast og forevigast i ei bok. Mange dyktige personar stod bak etableringa, og mange dyktige personar står bak vidareutviklinga og drifta i dag. Det har vore ei rekkje kjende forfattarar og artistar på kulturprogrammet til bokbyen opp gjennom åra, og Boknatta litteraturfestival etablerte seg tidleg til å bli det viktigaste arrangementet i ei perfekt ramme av 150.000 bøker i eit titals utsal, seier dagleg leiar i Stiftinga Den norske bokbyen, Marianne Paulsen Supphellen, i ei pressemelding.