Gaute Eiterjord, årets nynorskbrukar. Foto: Thor Due/Nynorsk kultursentrum.

Gaute Eiterjord kåra til Årets nynorskbrukar

Nynorsk kultursentrum deler ut prisen Årets nynorskbrukar til miljøaktivist og forfattar Gaute Eiterjord for å setje dagsordenen i klimasaka på nynorsk.

Prisen vert delt ut under Festspela 9. juni i Aasentunet.

Gaute Eiterjord er klimaforkjempar, naturvernar, tidlegare leiar i Natur og Ungdom og forfattar av boka Klimaopprøret .

– Klimasaka er viktig for både oss og resten av verda. Vi treng ein terminologi for å omtale verda rundt oss på vårt eige språk, og dette bidreg Eiterjord til med å skrive om klima på nynorsk, både gjennom bokutgjevinga og i sosiale medium, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Dette var jysla stas! Det tok litt tid å innsjå, men no er eg ganske overvelda, seier Eiterjord etter å ha fått melding om prisen.

Nynorsk kultursentrum deler ut prisen Årets nynorskbrukar kvart år. Tidlegare vinnarar er mellom anna Bergen kommune, Kari Traa og Maria Parr.

(©NPK)