Redningsskøyter, ambulansebåt, brannbåt og frivillige både til sjøs og i strandsona deltok i leiteaksjonen etter den sakna mannen i 30-åra. Foto: Redningsselskapet/NTB/NPK.

Funn av død person i samband med leiteaksjon i Askvoll

Det er gjort funn av ein død person i Granesundet i Askvoll i samband med søket etter ein mann i 30-åra som var meld sakna.

Vest politidistrikt opplyser at avdøde vart funnen i sjøen på rundt 180 meters djup, nord i Granesundet.

– Avdøde er ikkje formelt identifisert, men politiet antek at det er vedkommande som vart meldt sakna torsdag 15. oktober som no er funnen, skriv politiet i meldinga.

Nødetatane vart varsla om at mannen var sakna like etter klokka 16 torsdag ettermiddag, og det vart funne ein tom båt i området.

Det vart sett i verk eit omfattande søk med redningsskøyter, ambulansebåt, brannbåt og frivillige både til sjøs og i strandsona. Vidare vart det søndag søkt etter mannen med ubåt, ifølgje Firda.

Mannen som vart meld sakna, var ute for å trekkje krabbeteiner. Dei pårørande er varsla.

(©NPK)