Full fart på Håheim

UP gjennomførte fartskontroll i 60-sona på E39 på Håheim i Jølster torsdag kveld.

Det blei skrive ut 22 forenkla førelegg. Høgste målte fart var 84 km/t.

Det vart òg skrive ut eitt forenkla førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon.