Fråværsregelen i vidaregåande skule blir innført igjen

Regjeringa opphevar unntaket i fråværsregelen i vidaregåande skule frå 11. oktober. Elevar må då igjen ha legeerklæring for å få godkjent sjukefråvær.

– Elevar kan ikkje bruke eigenmelding eller stadfesting frå forelder dersom ein har fråvær av helsegrunnar, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) på pressekonferansen til regjeringa fredag.

Under pandemien har regjeringa innført eit unntak frå fråværsregelen i vidaregåande skule. Frå 11. oktober blir unntaket oppheva. For mange vil det i praksis bety etter haustferien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi veit at fråværsregelen er viktig for å sikre nærvær på skulen og bidreg til at fleire fullfører vidaregåande skule. Derfor meiner vi det er viktig at vi går tilbake til normalen på dette området, seier Melby.

Ho understrekar at det framleis er lov til å bli sjuk.

– Og det kjem til å vere nokon som blir sjuke denne hausten og vinteren. Du skal framleis teste deg viss du får luftvegsinfeksjon, men viss testen er negativ og allmenntilstanden er god, kan du gå på skulen, seier Melby.

(©NPK)