Aksjonistar ved Førdefjorden i 2022.

Førdefjorden-saka: Miljørørsla vann i Høgsterett – løyve til gruvedumping er ugyldig

Nordic Mining fekk heilt tilbake i 2015 lov til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden. Onsdag slår Høgsterett fast at dette løyvet er ugyldig.

Publisert

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom, som saksøkte staten i 2022, har dermed fått medhald i Efta-domstolen, Borgarting lagmannsrett og Høgsterett.

Rettssaka i Høgsterett varte frå 27. april til 5. mai, men er berre det førebels siste leddet i ein rettsleg og politisk maraton.

Spørsmålet er om Nordic Mining eigentleg har fått gyldig løyve frå den norske staten til ikkje berre å drive gruvedrift i Engebøfjellet, men også lagre avfall i eit sjødeponi på botnen av Førdefjorden.

Søksmålet byrja i 2022. Oslo tingrett gav staten medhald, men Borgarting lagmannsrett gav miljøorganisasjonane medhald. (©NPK)

Powered by Labrador CMS