Fleire bibliotek i Vestland fylke har fått støtte til teknologi og spel for å skapa inkludering og møteplassar. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Folkebiblioteka i Vestland får pengar til utvikling

Vestland fylkeskommune har løyvd nær ein million kroner til utvikling av folkebibliotek i fylket.

Av den samla potten går 650.000 kroner til utvikling av lokale til folkebibliotek. Gloppen folkebibliotek er blant dei heldige som får støtte til dette. Dei kan gle seg over 150.000 kroner, medan Sunnfjord kommune får 100.000 kroner til betre besøksopplevingar ved Førde bibliotek. Lærdal og Kinn får på si side høvesvis 100.000 og 150.000 kroner til prosjekta meiropne bibliotek, går det fram av ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

I tillegg til støtte for å utvikla biblioteklokala, har hovudutval for kultur, idrett og integrering også fordelt pengar gjennom integreringsprosjektet Rom for møte. Mangfald og betre integrering mellom nordmenn og innvandrarar er her viktige stikkord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire bibliotek får støtte til integrering gjennom teknologi og spel. Av den samla potten på 250.000 i kategorien teknologi og spel, får Fitjar folkebibliotek 30.000 til prosjektet Fitjargames, medan Tysnes folkebibliotek får 40.000 kroner til gamingrom i biblioteket.

Fleire bibliotek fekk også støtte frå Rom for møteordninga som ikkje gjeld teknologi og spel. Lærdal folkebibliotek får 15.000 kroner til prosjektet Møteplassen, og Stord folkebibliotek får same summen til prosjektet Digitalt folkeverkstad, heiter det.

(©NPK)