Eigedomsmeklar Jan Erik Mardal kjem med råd til dei som no vurderer å selje ein bustad. Foto: Håvar Fagerli.

– Folk vil flytte heim til Nordfjord, men manglar bustad

Marknaden skrik etter brukte bustader. – No er det ei svært god tid å selje på, seier eigedomsmeklar Jan Erik Mardal.

Det er stor etterspørsel etter bustader i heile Nordjord, og eigedomsmeklaren får mange telefonar frå folk som vil flytte heim til Gloppen der han har sitt kjerneområde med sal.

– Få eigedomar til sals

– Vi blir oppringt av mange typiske heimflyttarar som vil ha tips om ledige bustader. Då må vi berre beklage å seie at det er veldig lite til sals, seier Jan Erik Mardal i Gloppen Eigedomsmekling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mitt inntrykk at det er veldig få eigedomar til sals i heile distriktet. Det er ikkje berre snakk om einebustader, men også hytter og ikkje minst småbruk. Det er nesten ikkje småbruk i marknaden i dag.

Mardal håpar at dei som har vurdert å selje bestemmer seg for å gjere det no, sidan etterspørselen er så stor og at det kan sjå ut som mange vil flytte hit.

– Det er i alle fall synd med alle husa som er lite i bruk i dag når etterspurnaden er så stor som han er no, seier Mardal.

– Bruk god tid på planlegging av bustadsal

Eigedomsmeklaren påpeikar at dei nye krava til dokumentasjon på bustaden gjer at ein må rekne med litt meir tid til salsprosessen. Det første ein bustadseljar må gjere er å starte arbeidet med å samle saman dokumentasjon.

– Om ein har pussa opp, må ein finne fram kvitteringar og anna dokumentasjon. Beste plassen å ha denne dokumentasjonen er i ei offentleg mappe som heiter boligmappa.

Neste steg er å bestille takstmann for å lage tilstandsrapport.

– Og då må ein ha dokumentasjonen på plass. Om ein ikkje har dokumentasjon på oppussinga, kan ikkje takstmannen gje ei så god vurdering som du elles ville fått.

– Vel rett tidspunkt

Vidare kan det vere lurt å forhøyre seg med fleire eigedomsmeklarar og innhente tilbod derifrå. Det er mykje ansvar med eit sal av ein eigedom, og Mardal meiner difor det er lurt at ein brukar eigedomsmeklar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har også fleire råd til dei som skal selje ein eigedom.

– Tenk også på tidspunktet du vil selje på. Om du har utsikt, men har lite sol på vinteren, er det beste å vente til våren når sola står høgt. Vil du vise fram hagen, er sommaren den beste tida. Tenk gjennom kva du vil gjere av måling og oppussing, og kva du vil få igjen for det.