Slutt på sommartid for i år
Natt til sundag 25. oktober skal klokka stillast éin time attende, frå 03.00 til 02.00. Dimed går vi over til mørkare kveldar og får ein ekstra time denne helga.
Sjølv om folk flest må stille klokka, blir ikkje atomklokkene til Justervesenet stilte fram eller attende. Ved laboratoriet for tid og frekvens blir den offisielle tida i Noreg fastsett, i samarbeid med internasjonale aktørar som sørgjer for ei felles verdstid.
– Når klokka skal stillast hjå oss, er det ikkje det same som når folk flest stiller klokkene. Vi justerer atomklokkene på nanosekundnivå for å følgje UTC-tida best mogleg. Men sommartid og vintertid handlar om kva tidssone samfunnet utanfor laboratoriet skal følgje, seier Harald Hauglin i Justervesenet i ei pressemelding.
Normaltid i Noreg er UTC+1, medan sommartid er UTC+2. Ordninga med sommartid blei opphavleg innført for å utnytte dagslyset betre og redusere energiforbruket. Noreg held fram med ordninga mellom anna for å følgje same system som dei fleste europeiske land.
(©NPK)