Fleire datasenter til Noreg vil gå hardt utover straumbruken
Tal frå Statnett viser at viljen til å investere i fleire og større datasenter-prosjekt i Noreg, er høgare enn nokosinne. Det vil auke straumbruken i landet vårt dramatisk.
– Det er ei vanvitig utvikling og ein katastrofe for Noreg og norsk industri, seier IT-ekspert og foredragshaldar Ørjan Stenseng til Nationen.
Ifølgje tala frå Statnett vil datasenter i Noreg bruke enorme mengder kraft. Dei måler ikkje kor mange datasenter som blir planlagde, men kor mykje straum prosjekta ønskjer å bruke.
I 2022 behandla dei førespurnader tilsvarande 1074 megawatt – omtrent straumforbruket til 600.000 husstandar. I 2025 hadde talet auka til 8736 megawatt. Dette svarer til straum til rundt 5 millionar husstandar. Det er nesten det dobbelte av talet på husstandar i Noreg i dag.
– Eg er ikkje imot norske datasenter. Datasenter representerer kritisk infrastruktur, men at Google og Tiktok skal forsyne seg så grovt av norsk kraft, det går ikkje, seier Stenseng. (©NPK)