Òg i år blir russetida annleis. Arkivfoto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

FHI skal utarbeide råd for russen

Folkehelseinstituttet planlegg å utarbeide detaljerte råd for russen. Enkelte råd er klare allereie no.

For tida er det tre klare råd russen må stelle seg til:

* Russen må følgje gjeldande reglar og tilrådingar for arrangement og private samlingar

Artikkelen held fram under annonsen.

* Russen bør samlast utandørs

* Det blir tilrådd å avgrense talet på personar ein har tett kontakt med

Knappleik på hurtigtestar gjer at FHI vurderer at det er lite aktuelt med jamleg testing av russ med omsyn til gjennomføring av russetida.

– I område med høg smitte vil store arrangement (som russetreff) måtte sjåast på å utgjere ein relativt stor risiko for massesmittehendingar, trass i jamleg testing. I område med låg smitte vil det sannsynlegvis ikkje vere aktuelt med hurtigtestar då testane må prioriterast brukt der det er behov, skriv FHI i vurderinga si.

(©NPK)