Fann båt drivande på Gloppefjorden
Fredag ettermiddag fekk politiet melding om ein drivande båt, mogleg av merke GH 12-14 ft, på Gloppefjorden.
- Båten er tatt inn til land. Den er påsett ein eldre Yamaha 15 hk motor. Dersom nokon har kjennskap til båten, blir dei bedne om å ta kontakt med politiet på tlf. 02800, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.