Grønsakbønder fryktar færre norske agurkar på grunn av strenge innreisereglar. Foto: Vegard Grøtt/NTB/NPK.

Færre utanlandske arbeidarar kan gi færre norske agurkar

Mangel på utanlandske arbeidarar kan gi langt færre norske agurkar i butikkhyllene i år.

Grønsakbonde Per Osmund Espedal seier til NRK at han fryktar han må kutte produksjonen med 30 prosent. Han produserer 5 millionar agurkar og 2,2 millionar salathovud i året.

I januar vart det innført strenge innreiserestriksjonar til Noreg for å hindre importsmitte. Dei gjeld òg sesongarbeidarar frå utlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Situasjonen er kritisk for oss no. For det første har vi mangel på arbeidskraft. Det andre som er veldig tungt, er at vi ikkje veit kva som skjer om 14 dagar eller to månader, seier han til NRK.

Problemet er særleg stort i produksjonen av agurkar. Der blir det nemleg kravd seks–åtte månaders opplæring. Forsøk på å lære opp norske arbeidsledige i samarbeid med Nav har ikkje fungert, ifølgje Espedal.

Han nemner effektivitet, evne til å sjå etter skadeinsekt, kjenne igjen soppsjukdommar og oppstilling av plantane som nødvendige kunnskapar.

Han erkjenner samtidig at lønnsnivået på rundt 30.000 i månaden kan vere for lågt for nordmenn.

– Lønnsnivået speglar lønnsevna i næringa. Det er avgrensa kor mykje vi kan ta for varene våre, for då blir vi erstatta av import, seier Espedal.

Statssekretær Widar Skogan (KrF) i Landbruks- og matdepartementet forstår bekymringa til bøndene, men viser til at regjeringa har lagt til rette for at ein del kritisk personell skal få komme og jobbe i grøntnæringa.

(©NPK)