Illustrasjonsfoto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Færrast vaksinerte i aldersgruppa 25–39 år

Statistikken i heile landet viser at det er i aldersgruppa 25–39 færrast blir vaksinerte.

– Det var desse som kom sist i gang og det er nok nokre som nøler. Det veit vi ikkje heilt årsaka til, og ho er nok samansett, seier smittevernoverlege Ruth Midtgarden, til Stavanger Aftenblad.

Ho er smittevernoverlege i Stavanger kommune, der ein av fem i aldersgruppa 25–39 ikkje er vaksinerte, ut frå tal 19. september. Men tendensen er den same i heile landet, skriv Aftenbladet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midtgarden synest det er vanskeleg å vite årsaka, men trur at denne aldersgruppa ikkje er redd for å bli alvorleg sjuk. Ein annan grunn kan vere frykt for biverknader av vaksinen.

(©NPK)