Eksotiske matvogner kjem til Sandane
Gyros? Dumplings? Pølse? Eller churros? Under Sandanedagane risikerer du å stå i beit med vatn i munnen.
Du gjer lurt i å la kneipskiva ligge, og heller ta turen til Sandane sentrum under Sandanedagane.
I år får du moglegheit til å reise ut i verda, frå trivselskommunen midt i verda.
Innom 100 ulike messer
Dei kallar det Foodtruck-festival på godt norsk. 16 matvogner frå fjern og nær fraktar deg til Hellas og Asia, alt etter kva du kunne tenkje deg å setje tennene i. Gresk, asiatisk, meksikansk, amerikansk, nederlandsk og fransk. Og den einaste norske vogna kjem frå Larvik Mikrobryggeri. Alt dette kan du få alle dagar under Sandanedagane. Søt, salt, ja, her skal alle smakssansane få kjenne på livet.
Street Food Norway starta i 2019, med åtte festivalar i beltet. I sommar har dei over 100 ulike messer dei skal innom, og i skrivande stund er 60 matvogner i sving.
Grunder Damian Piechaczek seier det er fort gjort å bli mett, og tipsar om at ein gjer lurt i ta seg ei smakerunde saman med familie og vener, då får du smakt litt av alt i dei ulike vognene.
– Det er ikkje noko problem å spørje om å få delt mat i fleire porsjonar, seier han.
Andre gode mattilbod
Du finn matvognene på parkeringsplassen sør for Gloppebua under Sandanedagane. I tillegg til desse vil det sjølvsagt bli mange andre gode mattilbod på festivalen, både i dei faste serveringsstadane innandørs og i ulike vogner og boder.
Det blir tilbod om mange gode smakar av Gloppen og Nordfjord og lenger med, nydeleg lokalmat av dyktige produsentar.
God appetitt!